Sådag

februar 4, 2010

Frøa frå Gøteborg kom mandag, og i dag har dei + mange frø frå frøboksen komme seg i jorda.

Eg har sådd

Aconitum hemsleyanum – Slyngstormhatt – oversatt frå svensk – har den eget norsk navn?

Anemone trullifolia

Aquilegia «William Guinness»

Campanula zoysii

Chlematis «Albina Plena»

Disporum smithii

Gentiana asclepiadea «Nana»

Globularia Cordifolia

Gypsophila elegans rosa

Hanabusaya asiatica

Leucothoe racemosa

Lilium nanum

Paeonia delavayi var angustiloba rød

Papaver alpinum

Penstemon alpinus

Penstemon rupicolahybrid

Phyteuma scheuchzeri  Hornrapunkel

Primula japonica

Pulsatilla campanella

Ranunculus crenatus

Saxifraga stribrnyi

Semiaquilegia ecalcarata –

Thalictrum rochebrunianum

Veratrum californicum, kvit

Veronica longifolia alba

Viola pedatifida

Wulfenia cariathiaca

Eg har streva med å lese handskrifta på nokre frøposar, så om nokon ser at der er skriveleifar, so er eg glad for retting.

Innspurt med sliping

januar 26, 2010

Berre tre vindu igjen

Eg fekk ein haug med brukte gamle vindu for 2 år sidan.

Gammal maling er blitt slipt vekk – eg prøvde med varmluftpistol, det vart berre svidd, for veden er så full av kvae at resultatet var brent kvae.

Den raude malinga på utsida har det vore eit slit å få bort, den grå innsidemalinga har vore noko meir samarbeidsvilleg.

Fingrane mine har ikkje vært glad i all vibrasjon, so framdrifta har ikkje vore noko å skryte av, men no ser eg enden.

Eg har vore so heldig å kjenne ein snikkar som driv mykje med vedlikehald av kyrkjer og andre gamle bygningar. Hos han har eg fått kjøpt kaldpressa linolje. Dei nyslipte vindua har so fått stå i linoljebar i fleire dagar, so dei er fulltrekt av olje. Vintervårarbeidet blir å male eit strøk, og ordne på kitt nokre stader.

Til våren skal det bli drivhus – endeleg.

Feriedager

november 11, 2009

Eg har fått 3 feriedager som var planlagt brukt til legging av såleblokk til drivhusmur. Jett kor glad eg vart då eg oppdaga at tomta var ca 10 cm for smal – og frosten dei siste nettene har vore so hard at det er kun slegge og hakke som kjem gjennom jordskorpa. Min kjære prøver å overtale meg til å vente med videreføring av byggeprosjektet til våren – med denne temperaturen er eg tilbøyeleg til å vere enig. Vi har rikeleg med arbeid i å transportere all steinen til byggeplassen.

Graving ferdig

november 3, 2009
15 drivhustomt
Her er hullet som skal fylles med masse dyrkingsglede

Nå gjenstår å fylle dette hullet med drenering og mur. Det blir vel muring med Leca – jeg venter på tilbud fra et par levrandører.

Det hadde ikke dukket opp i kveld – har ikke hatt tid til å etterlyse slike private ting for tiden.
InfluensaA H1N1 dominerer for tiden, så i kveld har jeg vært på sykehuset på faglig oppdatering.
Kjekk nabo som lar meg komme nermere nabogrense enn 4 m, da får jeg en liten plass på fremsiden.
Kjekk byggmester som jeg får råd fra – har fått to vinduer med hengslede vinduer fra ham – greit å kunne ha andre luftemuligheter enn døra.

Endelig?

november 1, 2009

Fredag ettermiddag kom gravemaskina – i morgon tidleg skal den starte med utgraving til drivhuset – og ny parkeringsplass + at ein del av dei overflødige massane skal fyllast inn i skogen slik at der kan bli litt flatare. Eg er så spent at sømnen har vore uroleg fleire netter.

Drivhustomta er bak epletreet til venstre. Parkeringsplass skal

inn 10m fra vegen – og mykje av massen skal fyllast innover i skogshagen for å få ei lita slette nederst. Håpet er at det skal bli ein eller to små sitteplassar her.

Haust

oktober 12, 2009

Hausten er over oss. Første frostnatta har fare forbi med noko skade. Dei fleste krukkeplantene fekk seg ein sein kveldstur inn i Vinterhagen – og berga.

Drueplantene førebur seg på vinteren.

Drueplantene førebur seg på vinteren.

DRUER:  Eg har tre forskjellige sortar her som vart planta sommaren 2006. Det er frå venstre:

Korinka ruskaja. Den har den kraftigaste veksten, men har ikkje gitt noko frukt ennå.

Hasansky Sladki på midten kom med ein liten klase med blå druer i år.

Sommerset seedless kom med to små klasar.

Dyrkingsproblemet her er snø og is som glir ned frå glastaket på vinterhagen, det set plantene tilbake og dei kjem seint i gang på våren. I år har vi ikkje klipt dei så langt ned. dei skal få barkåpe på, og så skal vi prøve med å sette ein skråplate utfor plantene. Teorien er da at snøen skal gli ned på utsida av plata og isolere mot for store temperatursvingningar. Haging er jamen spennande.

Heimtur frå Egersund

september 4, 2009

Vi hadde ein interessant tur heim igjen frå forumtreffet. Søndagskvelden køyrde vi kun til Hommersåk der vi besøkte ei barndomsvenninne. IMG_0103

Her vanka det godprat og ein del stiklingar. Kven skulle tru det. Kva heiter den store peonen til høgre i bildet? Eg fekk småplanter av den.

Neste morgon sette vi bilen i gir og sette snuten austover – vi køyrde opp og ned og opp og ned – du og du så mange bakkar og «fjellovergangar» vi har i dette vakre landet vårt. Her var Sira-Kvina og til Hallingdal – så til Dalen og så var det vel Totak-Bandak-Kviteseid og Flå, eller noko slikt minnes eg frå leksene i folkeskulen.

Vi overnatta ved eit skisenter før Notodden. Har var fin fuglesang, men og ein del regn.

Om morgonen var det to timar til Oslo – og ein kjempekjekk mottaking hos gubbens Bobil-nettven på Norstrand. Her hadde vi ein utbytterik dag med mykje reise og bubilprat. Då kvelden fall på sette vi kursen nordover til Hvam der yngstedottera held husIMG_0162.

Her er det fint å stå for ein sliten bubil – og kjekt for ho mor å få komme på besøk.

Etter ein koseleg kveld, ei god natt og ein lang og underhaldande frukost  gjekk turen heimover opp gjennom Gudbrandsdalen.

Utfordringer

september 4, 2009

Nabotomta, der vi hadde fått en fin, men midlertidig parkeringsplass til den vesle bobilen vår, er solgt. Vi gler oss til å få naboer – og at villnisset som har utviklet seg gjennom 30 år skal bli til hage. MEN

Vi må til å koste en ny parkeringsplass – da må her graves, og det blir vel en mur/skråning på ca 3,5m på tvers av tomta. En del av denne massen – (matjorda) – skal få plass inne i skogen. Da kan det bli råd å få til en sitteplass på sikt.

Nedsteskogen instHer er ein del av arealet etter at alle veksatar – Lønn – Azalea –  Magnolia og flere Hosta har blitt spadd opp og satt i krukke så de unngår begravelse.

Nå står det igjen å bli enig med naboen om entrepenør, for han trenger også garasjeplass – håper det går raskt. Høsten kommer i full fart og regnfrie kveldsstunder står ikke i kø. Jeg fikk heldigvis ei super pannelampe av gubben til jul – vi hagegale gir ikke opp så lett.

Julivarme

juli 6, 2009

Varme dagar får mange planter til å springe ut.  Her er ei perle som var frø våren 08. Første blomstring i år

Parochetus communis

Parochetus communis

Fine forsommardagar

mai 31, 2009

Dette er ei herleg tid i hagen på Røra, berre eit stort minus – sneglane er på innmars. Foreløpig har eg klipt ca 12 stk, men dei er i mange storleikar. Dette er eg ikkje glad for.

Hostabed

Her skal det store Hostabedet få plass

Her skal det store Hostabedet få plass

Planlegginga har vore tilfeldig, men Hostainteressa er aukande s eg har samla diverse sortar, delt og stelt, so no var her 52 planter som venta på å komme i jorda.

Sypressen og epletreet har rikeleg med røter, og grana som vart saga ned for vel året sidan har eit stort, grovt og grynnt rotsystem. 6 sekkar jord + eit par sekkar kugjødselkompost + varmkomposten frå sist år vart blanda med den klissete leirjorda som er den originale jorda her på Røra.  Den fine Blåeinen vart litt frisert, og stammebitane frå grana vart bedkant.

So kom utfordringa: Kor skal dei forskjellige plantene setjast for å ta seg best ut? – det er lett for at dei mangefarga hostaene ikkje kler kvarandre så godt. Eg har visst for mange som er gule i stripene – og kja med dei blå? Vil dei tapa fargen i sol – kvenn tåler nokre soltimar – kvenn ter seg best i skugge? Dette var visst ikkje so enkelt som eg trudde.

Bedkant på plass - plantinga nermer seg.

Bedkant på plass - plantinga nermer seg.

Kven tåler sol - og Kven vil ha skugge?

Kven tåler sol - og Kven vil ha skugge?

Dette er ikkje lett – eg har vissst alt for mange planter, men dette er no berre halve bedet, so eg får plante tett – og so får eg flytte når byggetrinn 2 står for spaden.

Del av midtpartiet

Del av midtpartiet

Kant mor Fuglereirgran

Kant mor FuglereirgranDet var godt å få bli ferdig med plantinga.Elles so er det mykje flott som blomstrar på denne tida. Penstemon 'Purple Gem' frå SolveigOxalis ennaphylla PATAGONIA

Er ein favoritt – eg samlar på Oxalis – har vel ca 7 sortar no –

Oxalis depressa har eg ikkje tort å plante ut - den skal få bli noko større før det blir prøvd.

Oxalis depressa har eg ikkje tort å plante ut - den skal få bli noko større før det blir prøvd.Oxalis frå Ringve - frøsådd i 2007 - overvintrar ute - sår seg litt.