Archive for mars 2011

Drivhus start

mars 10, 2011

Sjølv om nettene er kalde så har vifta i drivhuset gjordt temperaturen der leveleg. Eg førebur vårens  innesådd.

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne Ellos-drivbenken har verna overvintringsplantene mot den verste frosten. På det kaldaste var den dekt med tepper og dyner, og med 2 svake varmerør ved golvet.  Eg er spent på kor store skader som vil visa seg etter kvart som veksten kjem i gang.  Til så-varmematta vil blikkenslageren lage eit passande brett, det skal hentast snart.

 

 

 

 

 

 

Border har komme på plass i kosekroken – Sålista frå 2009 er lang, og dei staudepottene som ikkje har spirt enda er på veg inn frå barnehagen

 

 

 

 

 

 

 

Men det har spirt mose i mange av pottene, om frøa kan spire gjennom det tjukke moselaget vil vise seg. Det ser ikkje lovande ut.

 

 

 

 

 

 

 

Håp om vår

mars 10, 2011

Nå blomstrer Strelitziaen og krukka med Pleione. Orkideene blomstrer her for første gang, vakre planter.