Vinter erfaringar Des-Jan-Feb.


I dag skriv vi 13.februar. Håpet er at den kaldaste vinteren er over. Eg skulle sjekke tilstanden i drivhuset i går ettermiddag, men fekk ikkje opp døra då vatn frå siste tidas regnskurar hadde gjordt at det var frose i øverste dørsprekka. Vi må byggje eit slags lite tak over døra slik at det ikkje piskar regn inn rundt.

Ein Ellosdrivbenk har vore plassen til overvintringspottene. Den har plass til 3 undervatningsbrett, grå frå (Grønt fokus?).  I haus kjøpte vi 2 varmerøyr, kvar på 400W, anbefalt på HageGal. Vi fann dei på ein skipshandel – dei var meint for å halde frost borte i båtar.  Varmerøyra vart plassert på golvet mellom indervatningsbretta.  Eit rør har stått på det meste av vinteren. det andre har vi kopla til når det har blitt fleire minusgrader.

Då sprengkulda kom fekk vi rydda ut ullteppe og gamle dundyner frå klekottet, og drivbenken vart pakka inn etter alle kunstens reglar. Temperatur-følaren viste +/- 1-2 grader i overkant av den potta som stod nærate kanten. +5 midt i.

Ei murarbalje, 70l, med Agapantus Africanus fekk ikkje plass, så den har stått på drivhusgolvet. Då sprengkulda kom -15 og npko meir i jula, fekk også denne balja seg ei dundyne. Eg tok den av no i Februar då mildveret kom. Bladverket i overflata hadde frose, men ved rydding stakk det fram friske små skudd inne i dei frosne bladrestane – so det kan sjå lovande ut.  Kanskje ein del av denne kan prøvast ute i skogen. Eg får studere kvar snøen legg seg best.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: