Neste steg – reisverk


     Reisverket har komme i gang – mønsåsen er under plassering. Dette er so spennande at eg har nesten ikkje tid til å gå på arbeid.

   Halve taket er på plass – det ruvar noko meir en eg trudde. Det blir ivertfall ikkje for lite. Snart pensjonist – og endeleg får eg meg leikarhus.

  Her oppe under rafta skal det få vere lufting om sommaren – og tilpassa klossar til å tette med om vinteren. Eg prøver ut tips frå den danske drivhusbyggjaren som har lagt ut gode tips på nettet.

Tett tak

 

Då er taket tett. Eg har kosta på 3lags polykarbonatplater. Dei tåler mykje snø, og det kan det av og til være her.

Snø 20. Oktober

 

Då er leikarhuset nesten ferdig. Den gamle inngangsdøra frå huset er gjenbrukt. Eg bomma litt med høgda på sålen under det lange vindauget, so det går litt høgre opp enn dei andre – det er vel slike skjønnheitsfeil som viser at det er sjølvkonstruert.

Snart ferdig

 

Då er drivhuset ferdig – utvendig. Innvendig skal det bli ferdig frå snikkarane i morgon – og då er det innekosen som skal starte.    –Ikkje verst leikarhus dette?

Advertisements

4 kommentarar to “Neste steg – reisverk”

  1. Elsa Says:

    Gratulerer med leikarhuset. Dette ble kjempflott.

  2. Herdis/Cherie Says:

    Gratulerer med fantastisk flott, originalt og verkeleg solid og velbygd drivhus. Eg unner deg masse kos her i åra som kjem, og er berre ørlitt misunneleg… Mi tid kjem nok;-)

  3. Tove Says:

    Det ble knallfint 🙂 Gratulrer så mye!

  4. Mariann Says:

    Det var litt av en lekestue du har fått. Virkelig flott og solid bygget. Her kommer du nok til å kose deg etterhvert. Gratulerer!
    Det passet jo bra at det ble tett hus før snøen kom, bra timing.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: