Innspurt med sliping


Berre tre vindu igjen

Eg fekk ein haug med brukte gamle vindu for 2 år sidan.

Gammal maling er blitt slipt vekk – eg prøvde med varmluftpistol, det vart berre svidd, for veden er så full av kvae at resultatet var brent kvae.

Den raude malinga på utsida har det vore eit slit å få bort, den grå innsidemalinga har vore noko meir samarbeidsvilleg.

Fingrane mine har ikkje vært glad i all vibrasjon, so framdrifta har ikkje vore noko å skryte av, men no ser eg enden.

Eg har vore so heldig å kjenne ein snikkar som driv mykje med vedlikehald av kyrkjer og andre gamle bygningar. Hos han har eg fått kjøpt kaldpressa linolje. Dei nyslipte vindua har so fått stå i linoljebar i fleire dagar, so dei er fulltrekt av olje. Vintervårarbeidet blir å male eit strøk, og ordne på kitt nokre stader.

Til våren skal det bli drivhus – endeleg.

Advertisements

2 kommentarar to “Innspurt med sliping”

  1. smgj Says:

    Det som er fint er jo at treverk som er rikt på kvae er råteimpregnert fra naturen sin side. Og sånne hjemmesnekrede drivhus er så fine. Lykke til!

  2. Mari_ Says:

    Dette blir nok bra 🙂 Sånne heimelaga drivhus av vinduer har jeg sansen for. Skal bli spennende å følge med på arbeidet ditt fram til ferdig drivhus, kanskje plukke opp noen ideer også 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: