Heimtur frå Egersund


Vi hadde ein interessant tur heim igjen frå forumtreffet. Søndagskvelden køyrde vi kun til Hommersåk der vi besøkte ei barndomsvenninne. IMG_0103

Her vanka det godprat og ein del stiklingar. Kven skulle tru det. Kva heiter den store peonen til høgre i bildet? Eg fekk småplanter av den.

Neste morgon sette vi bilen i gir og sette snuten austover – vi køyrde opp og ned og opp og ned – du og du så mange bakkar og «fjellovergangar» vi har i dette vakre landet vårt. Her var Sira-Kvina og til Hallingdal – så til Dalen og så var det vel Totak-Bandak-Kviteseid og Flå, eller noko slikt minnes eg frå leksene i folkeskulen.

Vi overnatta ved eit skisenter før Notodden. Har var fin fuglesang, men og ein del regn.

Om morgonen var det to timar til Oslo – og ein kjempekjekk mottaking hos gubbens Bobil-nettven på Norstrand. Her hadde vi ein utbytterik dag med mykje reise og bubilprat. Då kvelden fall på sette vi kursen nordover til Hvam der yngstedottera held husIMG_0162.

Her er det fint å stå for ein sliten bubil – og kjekt for ho mor å få komme på besøk.

Etter ein koseleg kveld, ei god natt og ein lang og underhaldande frukost  gjekk turen heimover opp gjennom Gudbrandsdalen.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Heimtur frå Egersund”

  1. John Inderhaug Says:

    Hei Reidunn
    Den store peonen er en» lutea ludlowii».
    Den andre du fikk frø av er en «delavayi»
    Delavayien er like stor og er etter min oppfatning en mere fargerik
    plante selv om den vanligvis ikke regnes blant hagevariantene av trepeonene.
    John

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: