Fine forsommardagar


Dette er ei herleg tid i hagen på Røra, berre eit stort minus – sneglane er på innmars. Foreløpig har eg klipt ca 12 stk, men dei er i mange storleikar. Dette er eg ikkje glad for.

Hostabed

Her skal det store Hostabedet få plass

Her skal det store Hostabedet få plass

Planlegginga har vore tilfeldig, men Hostainteressa er aukande s eg har samla diverse sortar, delt og stelt, so no var her 52 planter som venta på å komme i jorda.

Sypressen og epletreet har rikeleg med røter, og grana som vart saga ned for vel året sidan har eit stort, grovt og grynnt rotsystem. 6 sekkar jord + eit par sekkar kugjødselkompost + varmkomposten frå sist år vart blanda med den klissete leirjorda som er den originale jorda her på Røra.  Den fine Blåeinen vart litt frisert, og stammebitane frå grana vart bedkant.

So kom utfordringa: Kor skal dei forskjellige plantene setjast for å ta seg best ut? – det er lett for at dei mangefarga hostaene ikkje kler kvarandre så godt. Eg har visst for mange som er gule i stripene – og kja med dei blå? Vil dei tapa fargen i sol – kvenn tåler nokre soltimar – kvenn ter seg best i skugge? Dette var visst ikkje so enkelt som eg trudde.

Bedkant på plass - plantinga nermer seg.

Bedkant på plass - plantinga nermer seg.

Kven tåler sol - og Kven vil ha skugge?

Kven tåler sol - og Kven vil ha skugge?

Dette er ikkje lett – eg har vissst alt for mange planter, men dette er no berre halve bedet, so eg får plante tett – og so får eg flytte når byggetrinn 2 står for spaden.

Del av midtpartiet

Del av midtpartiet

Kant mor Fuglereirgran

Kant mor FuglereirgranDet var godt å få bli ferdig med plantinga.Elles so er det mykje flott som blomstrar på denne tida. Penstemon 'Purple Gem' frå SolveigOxalis ennaphylla PATAGONIA

Er ein favoritt – eg samlar på Oxalis – har vel ca 7 sortar no –

Oxalis depressa har eg ikkje tort å plante ut - den skal få bli noko større før det blir prøvd.

Oxalis depressa har eg ikkje tort å plante ut - den skal få bli noko større før det blir prøvd.Oxalis frå Ringve - frøsådd i 2007 - overvintrar ute - sår seg litt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: