Drivhus start

mars 10, 2011

Sjølv om nettene er kalde så har vifta i drivhuset gjordt temperaturen der leveleg. Eg førebur vårens  innesådd.

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne Ellos-drivbenken har verna overvintringsplantene mot den verste frosten. På det kaldaste var den dekt med tepper og dyner, og med 2 svake varmerør ved golvet.  Eg er spent på kor store skader som vil visa seg etter kvart som veksten kjem i gang.  Til så-varmematta vil blikkenslageren lage eit passande brett, det skal hentast snart.

 

 

 

 

 

 

Border har komme på plass i kosekroken – Sålista frå 2009 er lang, og dei staudepottene som ikkje har spirt enda er på veg inn frå barnehagen

 

 

 

 

 

 

 

Men det har spirt mose i mange av pottene, om frøa kan spire gjennom det tjukke moselaget vil vise seg. Det ser ikkje lovande ut.

 

 

 

 

 

 

 

Håp om vår

mars 10, 2011

Nå blomstrer Strelitziaen og krukka med Pleione. Orkideene blomstrer her for første gang, vakre planter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sådd 2011

februar 13, 2011

Frø frå diverse kilder har ein tendens til å dukke opp på vinteren. Frø frå siste ferieturar, frø frå hagevenner, frå frøboksen, frå diverse frøselskap og planteklubbar.

Her er lista over det som til no har komme i jorda. Mykje av dette ventar eg ikkje spiring på i år.

Navn plante Fra Plan så ERFARING Sådato inn i 4 Spiretid  ca Prikle UtPlant Blomst SpirTemp Spiretid
Vintersådd jul – feb
Aconitum hemsleyanum Slyngstormhatt GB11 feb Kat2 13. feb. 2011
Aconitum napellus ‘Albus’ BVK10 26. jan. 2011
Adonis vernalis STA 07 kalk ut
Allium cernuum MA 10 ut 06.02.2011
Allium christophii LineS 08 ut 6. feb. 2011
Allium cyatophorum var farreri eget 10 ut 6.2.
Allium douglasi MA10 ut 6. feb. 2011
Allium sativum Aleksandra eget 10 ut 6. feb. 2011
Allium sp ex Himalaya , blå MA10 ut 6. feb. 2011
Allium sp kvit            Bredbladet MA 10 ut 6. feb. 2011
Allium validum MA10 ut 06.02.2011
Allium victorialis Seiersløk MA10 vinter 06.02.2011
Allium victorialis Seiersløk BVK10 vinter 26. jan. 2011
Allium victorialis ssp platyphyllum GB11 ut     Kat2 13. feb. 2011
Allium wallchii purple flowered AGS 07 Mars ut
Allium zebdanense BlomVennK 10 26. jan. 2011
Amsonia tabernaemontana BVK10 26.01.2011
Androsace strigillosa IKH 10 06.02.2011
Angelica arcangelika Kvann Frøyatur utE 29.01.2011
Arisaema toruosom   Krøll-kobrakallaq Gøteborg 10 07.02.2011
Asarina antirrhiniflora mørk rosa MariannG 10 Jan inn frø igjen 30.01.2011
Asarina scandens  -rosa Trine 07 Januar inne frø igjen 26. jan. 2011 11.02.2011 24 grader 16 dager
Astrantia major                       kvit Signe 09 utE 6. feb. 2011
Camassia leichtlinii     LØK Vidar Gunnarsen08 Jan ut 30.01.2011
Cimicifuga (Actaea) ramosa ‘Pink Spike’ Ananas 10 UT 06.feb
Clematis fusca IKH 10 ut 06.feb
Clematis ianthina 3 kvit fusca IKH 10 ut 6. feb. 2011
Corydalis   kvit Frøboks 10 26. jan. 2011
Corydalis malkensis Malkanlerkespore GB11     Kategori 3 13. feb. 2011 Over 2 vintre ute
Delphinium alpestre MA 10 ut 6. feb. 2011
Dianthus deltoides  Bakkenellik GB11 kat 2 13. feb. 2011
Dtraba Sauteri Staudegruppa 09 Ut Jan 30.01.2011
Erinus alpinus IKH 09 UT 30.jan
Erythronium tuolumnense Gul Hundetann Gøteborg 10 ut 07.feb
Erysimum helveticum Frøb 10 2 06.02.2011
Gentiana asclepiadea STA09 janut 30.01.2011
Gentiana asclepiadea   rosa og blå STA09 jan ut 30. jan. 2011
Gentiana crassicaulis STA 09 jan ut 6. feb. 2011
Gentiana cruciata STA09 jan ut 6. feb. 2011
Gentiana purpurea Blomster 10 ut 29. jan. 2011
Gentiana paradoxa MA10 UT inne 30. jan. 2011
Geranium bohemicum Sita 08 6. feb. 2011
Geranium endressi Frøboksen 10 ut 6. feb. 2011
Gillenia trifoliata BVK10 26. jan. 2011
Gypsophila tenuifolia MA10 UT 06.feb
Hanabusaya asiatica M Aspaker 09 så ut 29.01.2011
Helenium autumnale STA 09 UT – INN TA INN 30.01.2011
Helleborus hybridus – mørk rødviolett STA09 ut 30.01.2011
Helleborus hybridus rosa STA09 ut 06.02.2011
Helleborus torquatus     Kragejuleros GB11 ut kat3 13. feb. 2011 2 vintre
Helleborus viridis STA09 ut 30.01.2011
Heuchera americana “Dales strain” — Arp 07 UT 30.jan
Heuchera sanguinea Primula 08 UT 30. jan. 2011
Hosta  kikuti Staudegr 09 26. jan. 2011
Hosta venusta                      frø igjen Staudegr 09 26. jan. 2011
Hyssopus officinalis  ‘Albus’ Gøteborg 10 7. feb. 2011
Iris chrysographes IKH09 uy 06.02.2011
Iris setosa Alba     Alaskairis Vidar G 08 ut 30.01.2011
Malva   — Poppelrose Marianne DK 06 26.01.2011
Meconopsis betonicifolia Alba ?? ut 30.jan
Penstemon angustifolius BVK08 ut 26.01.2011
Penstemon kunthii AGS 09 inn i mars 26. jan. 2011
Penstemon newberryl var berryi       juvelpenstemon GB11    Kat 2 13. feb. 2011
Penstemon x mexicale’Sunburst Colours’ Rara Vexter 09 26.jan
Perilla frutescens “Purple” Bladmynte MAT lordNelson Plant 05 3 26.jan 4-3/ 18g
Podophyllum hexandrum Indisk fotbl Gøteb 10 ut 06.02.2011
polemonium pauciflorum GUL Jakobsstige Marianne DK 06 7. feb. 2011
Pulsatilla bungeana Staudegr 09 26. jan. 2011
Pulsatilla pratensis ssp nigricans          Svartsippa GB11 2 ut    Kat2 13. feb. 2011
Ranunculus crenatus M Aspaker 10 ut 30. jan. 2011
Saxifraga cotyledon NAMDAL MA10 ut 29.01.2011
Saxifraga mandschuriensis M Aspaker 2 06.02.2011
Saxifraga sempervivoides M Aspaker 09 ut 26.01.2011
Sinapis alba Impecta06 Mai 26.jan
Sorbus reducta       4STK eget 10 UT 6. feb. 2011
Swertia alpestris MA10 ut 29.01.2011
Swertia kingi M Aspaker UT INN 3 30.01.2011 20g 1m
Verbena bonariensis Marosa 09 frb inn 26. jan. 2011
Verbena stricta   1årig dianeseed ut 8 uker inn 1/4 29. jan. 2011

Vinter erfaringar Des-Jan-Feb.

februar 13, 2011

I dag skriv vi 13.februar. Håpet er at den kaldaste vinteren er over. Eg skulle sjekke tilstanden i drivhuset i går ettermiddag, men fekk ikkje opp døra då vatn frå siste tidas regnskurar hadde gjordt at det var frose i øverste dørsprekka. Vi må byggje eit slags lite tak over døra slik at det ikkje piskar regn inn rundt.

Ein Ellosdrivbenk har vore plassen til overvintringspottene. Den har plass til 3 undervatningsbrett, grå frå (Grønt fokus?).  I haus kjøpte vi 2 varmerøyr, kvar på 400W, anbefalt på HageGal. Vi fann dei på ein skipshandel – dei var meint for å halde frost borte i båtar.  Varmerøyra vart plassert på golvet mellom indervatningsbretta.  Eit rør har stått på det meste av vinteren. det andre har vi kopla til når det har blitt fleire minusgrader.

Då sprengkulda kom fekk vi rydda ut ullteppe og gamle dundyner frå klekottet, og drivbenken vart pakka inn etter alle kunstens reglar. Temperatur-følaren viste +/- 1-2 grader i overkant av den potta som stod nærate kanten. +5 midt i.

Ei murarbalje, 70l, med Agapantus Africanus fekk ikkje plass, så den har stått på drivhusgolvet. Då sprengkulda kom -15 og npko meir i jula, fekk også denne balja seg ei dundyne. Eg tok den av no i Februar då mildveret kom. Bladverket i overflata hadde frose, men ved rydding stakk det fram friske små skudd inne i dei frosne bladrestane – so det kan sjå lovande ut.  Kanskje ein del av denne kan prøvast ute i skogen. Eg får studere kvar snøen legg seg best.

Innredningen tar form

november 18, 2010

Da er drivhuset ‘nesten’ ferdig. Noe maling utvendig står på planen til sommeren, men nå er det de interne småting som skal på plass.

Bokhylle

Plass til noen bøker må en jo ha – greit å ha tilgang til når såing starter

Arbeidsbenk

Da gamleskulen vart riven fekk eg fatt i eit benkebeslag – ein kum til jordblanding, Ein kum til vatn.
Planlegg kun Sommarvatn. Skal kun ha bøtte under vasken – er redd for krav til avløp elles.

Uventa flott takhøgde. Breie gode vinduskarmar.Planlegginga var betre enn førutsett. Nesten 4m under mønet.Vinduskarmane er breie og perfekte til div potter.Tank til vatn.

Denne vasstanken fann vi sist sommar. Den skal være vannreservoar og varmelager.
Den har kran i botn og eit stativ den kan stå i – men det treng noko rustfjærning før det får adgang.
Hyllevangane er til ‘Ivar’ – frå Ikea. Han har hyst to lysstoffrør og fleire hyller. Ei hylle med varmematte til frøspiring.
Eg lurer på om eg skal kle ‘Ivar’ med bobleplast på baksida når såtida slær inn.

Neste steg – reisverk

oktober 20, 2010

     Reisverket har komme i gang – mønsåsen er under plassering. Dette er so spennande at eg har nesten ikkje tid til å gå på arbeid.

   Halve taket er på plass – det ruvar noko meir en eg trudde. Det blir ivertfall ikkje for lite. Snart pensjonist – og endeleg får eg meg leikarhus.

  Her oppe under rafta skal det få vere lufting om sommaren – og tilpassa klossar til å tette med om vinteren. Eg prøver ut tips frå den danske drivhusbyggjaren som har lagt ut gode tips på nettet.

Tett tak

 

Då er taket tett. Eg har kosta på 3lags polykarbonatplater. Dei tåler mykje snø, og det kan det av og til være her.

Snø 20. Oktober

 

Då er leikarhuset nesten ferdig. Den gamle inngangsdøra frå huset er gjenbrukt. Eg bomma litt med høgda på sålen under det lange vindauget, so det går litt høgre opp enn dei andre – det er vel slike skjønnheitsfeil som viser at det er sjølvkonstruert.

Snart ferdig

 

Då er drivhuset ferdig – utvendig. Innvendig skal det bli ferdig frå snikkarane i morgon – og då er det innekosen som skal starte.    –Ikkje verst leikarhus dette?

Drivhusarbeidet har gått treigt.

oktober 20, 2010

Fyllmasse

 
Mykje regn har gjordt dei bratte bakkane sleipe, men no har vi fått mykje fyllmasse på plass. Muren mot terrenget bak skal bli  nokre skift høgare
murer ferdig
          Då er murane ferdige, massen forsøkt nivelert – og eg ventar på at det skal høve med transportdeling på ferdigbetong.
  
         Med moderne utstyr vert arbeidet unnagjordt på kort tid
      Då er golvet støypt, og ‘krona’ på verket. Då var det meste  av eigeninnsatsen unnagjordt – og vi ventar på snikkar.

Sakte framgang – tunge tak

juli 27, 2010

Der tomta til drivhuset ligg er det ganske bratt. Hagen har leirjord, so når det regnar slik det har gjordt i år vert det sleipt. Då er det vanskeleg å transportere stein og sand, så framdrifta har gått seint. 

I juni fekk eg hjelp frå barn og barnebarn - Framifrå framgang

 

14. juli hadde vi arbeidslyst. Mykje av volumet under golvet er fylt opp med ruskeleca.

Neste steg

juni 8, 2010

Trur du ikkje at oppmålinga viste at tomtegravaren hadde slurva lite. 35 cm høgdeforskjell diagonalt, og nesten 0,5 m for smal var utgangspunktet.

Så då er det berre å brette opp ermane: Eit uvisst antal sandlass er lesst, køyrd og tippa der tomta er for lav. For å trøste meg sjølv, og for å sjå at det er framgang so hjelpte gubben meg med betongblanding slik at me fekk støypt ca halve solen.

Endeleg startskot

mai 15, 2010

Endeleg har eg fått grave vekk all mold og leir som vinteren hadde velta nedover såleblokkene til drivhuset, og niveleringsjobben er undagjordt.