Reisverket har komme i gang – mønsåsen er under plassering. Dette er so spennande at eg har nesten ikkje tid til å gå på arbeid.
Halve taket er på plass – det ruvar noko meir en eg trudde. Det blir ivertfall ikkje for lite. Snart pensjonist – og endeleg får eg meg leikarhus.
Her oppe under rafta skal det få vere lufting om sommaren – og tilpassa klossar til å tette med om vinteren. Eg prøver ut tips frå den danske drivhusbyggjaren som har lagt ut gode tips på nettet.
Då er taket tett. Eg har kosta på 3lags polykarbonatplater. Dei tåler mykje snø, og det kan det av og til være her.
Då er leikarhuset nesten ferdig. Den gamle inngangsdøra frå huset er gjenbrukt. Eg bomma litt med høgda på sålen under det lange vindauget, so det går litt høgre opp enn dei andre – det er vel slike skjønnheitsfeil som viser at det er sjølvkonstruert.
Då er drivhuset ferdig – utvendig. Innvendig skal det bli ferdig frå snikkarane i morgon – og då er det innekosen som skal starte. –Ikkje verst leikarhus dette?





oktober 20, 2010 ved 9:04 pm |
Gratulerer med leikarhuset. Dette ble kjempflott.
oktober 20, 2010 ved 9:53 pm |
Gratulerer med fantastisk flott, originalt og verkeleg solid og velbygd drivhus. Eg unner deg masse kos her i åra som kjem, og er berre ørlitt misunneleg… Mi tid kjem nok;-)
oktober 21, 2010 ved 3:47 pm |
Det ble knallfint
Gratulrer så mye!
oktober 21, 2010 ved 9:58 pm |
Det var litt av en lekestue du har fått. Virkelig flott og solid bygget. Her kommer du nok til å kose deg etterhvert. Gratulerer!
Det passet jo bra at det ble tett hus før snøen kom, bra timing.